Blindheim- Ørsta

– Greitt resultat, men vi burde vunne

Laga hadde kvar sin omgang då Ørsta møtte Blindheim på bortebane i 4. divisjon

Kampsituasjon Blindheim-Ørsta  Foto: Silje Liaseth Vinjevoll

Nyheiter

Kampfakta Blindheim- Ørsta fredag 10.mai:

33 min 1-0 Øyvind Gangstad

41 min 2-0 Henning Bjørge Hareide

61 min 2-1 Knut Erik Myklebust

63 min 3-1 Bjørnar Fjørtoft Johansen

77 min 3-2 Sjur Evebø Haug

90 min 3-3 Knut Erik Myklebust

Kommentar frå Ørsta-trenar Vegard Heltne: "Vi hadde ein forferdeleg dårleg 1. omgang og låg under 2-0. Men så hadde vi ein ekstremt god 2. omgang. Blindheim var knapt over midten for heile omgangen, men dei fekk likevel eitt mål. Vi skal vinne denne kampen, men det var totalt sett greitt med uavgjort, sjølv om eg ikkje er nøgd med resultatet".

Etter tre kampar har Ørsta eitt tap, ein siger og ein uavgjort.

– Det betyr at vi har fått eit ok start på sesongen, seier Vegard Heltne.