Dalevegen 24

Vert pussa opp

Kommunestyret vedtok rehabilitering av det gamle legesenterbygget i Dalevegen 24.

Skar gjennom: Så er det klart: Dalevegen 24 skal rehabiliterast.  Foto: Joachim Åsebø

Nyheiter

Det gjekk ikkje heilt slik politikarane tenkte då dei vedtok å bygge nytt legesenter. Planen var å følge opp med ei enkel oppussing av det gamle legesenteret. Det vart i si tid kalkulert med at det skulle koste 5,8 millionar. Men bygget er i så dårleg stand at prognosane er grundig sprengde.