Russetreff og konsert

Riggar for festhelg

Ørstahallen får køyrt seg i helga

I går: Idrettshall. Fredag og laurdag: Full fest.  Foto: Svein Aam

Nyheiter

Først er det russetreff på fredag. Så kjem 1.500- 2.000 festklare til dobbeltkonsert laurdag med Plumbo og Vassendgutane. I ein slik situasjon gjeld det å passe på golvet i den nye hallen.

Torsdag kveld var det stordugnad for å legge eit ekstra golv over hallgolvet. Her viste juniorlaget og A-laget at dei kan gjere nytte for seg andre stader enn på fotballbana.

Fotballspelarar på dugnad i Ørstahallen.  Foto: svein aam

 

– Mange er i sving og det har vore jobba bra, seier Bjørnar Vartdal i arrangementskomiteen for konsertane.

Fotballgruppa håper på rundt 2.000 gjestar laurdag.

– Kiwihallen tok 2.000. Her kan vi ta inn 2.250, fortel Vartdal.

For å vere sikre på at hallgolvet ikkje tar skade vart det lagt ein duk som underlag for det ekstra golvet.

– På kort varsel ordna Aurstad Tunnel og Volda Maskin duk , og Bøstrand skaffa transport frå Ålesund, fortel Olav Saure, som deltok på dugnaden torsdag.