Her blir det kolonnekøyring

Grunna utskifting av slukrister blir Hjartåbergtunnelen på E39 i Volda kommune stengd med kolonnekøyring på kveld og natt mellom 13. og 24. mai.
Nyheiter

Hjartåbergtunnelen vil vere stengd med kolonnekøyring følgjande kveldar og netter:

  • Frå måndag 13. mai til torsdag 16. mai, mellom kl. 19.00 og 07.00
  • Søndag 19. mai, mellom kl. 21.00 og 07.00
  • Frå måndag 20. mai til fredag 24. mai, mellom kl. 19.00 og 07.00

Trafikken vil i hovudsak bli avvikla til faste tidspunkt, og kolonnetidene vil vere dei same som i Rotsethorntunnelen.

- For dei som bur i Hjartåbygda blir det i tillegg utført kolonnekøyring gjennom Hjartåbergtunnelen etter behov. Ein må likevel rekne med litt ventetid, seier prosjektleiar Arne Ola Stavseng i Statens vegvesen i ei pressemelding.

Trafikantane som skal til eller frå Hjartåbygda kan også henge seg på gjennomgåande kolonnar frå Volda eller frå rasteplassen ved Hjartåelva. Trafikken vil bli dirigert i krysset til Hjartåbygda, opplyser Statens vegvesen.