Gir seg etter 25 år i klesbransjen

– Vi gir oss med flagget til topps og ryddar no plass til resten av liva våre

Det er verken dårlegare inntening eller krise-stemning som gjer at mor og dotter Aarsæther no varslar at dei snart stenger dørene på butikken deira Miss B.

Ikkje vemod.: – Vi har i tre år snakka om å avvikle butikken, og dette er ikkje vemodig. No er vi klare for nye oppgåver, fortel mor og dotter, Gerd og Marit Aarsæther. Om nokre veker stenger dei døra til Miss B for godt. 

Vi selde så det rauk, og hadde vårt beste salsår nokon gong. «Alle» i Ørsta gjekk rundt i tights og tunika

Gerd og Marit Aarsæther
Nyheiter

– Det er ei tid for alt. Vi gir oss med flagget til topps og ryddar no plass til resten av liva våre. Og nei, det er ikkje vemodig å avvikle butikken.