Bakk-Ola-maraton for sjuande gong

– Livsglede og helse er viktig

Verdas aktivitetsdag vart fredag markert med Bakk-Ola-maraton i Ørsta. Sjølv om vêret ikkje var det beste var det ikkje langt mellom smila både til unge og eldre.

Blide deltakarar: Sjølv om vêret var både surt og kaldt var det ikkje langt mellom smila blant deltakarane i Bakk-Ola-maraton.  Foto: Joachim Åsebø

Nyheiter

Bakk-Ola-maraton vart for første gang arrangert i 2013. Den gong, som no, vart arrangementet brukt til å markere verdas aktivitetsdag. Tradisjonen tru stod ordføraren for opningstalen. Volda toradarlag har vore eit fast innslag, og til lystige tonar sørga Ingeborg T. Nupen frå Topp Trening for oppvarming i småsurt og kaldt vêr.