Inviterer til festspelfrukost i Vikegata

– Folkefest i sentrum

Tradisjonen tru vert det invitert til stor festspelfrukost i Vikegata i samband med Dei nynorske festspela, laurdag 15. juni.

festspelfrukost: Blid gjeng som inviterer til festspelfrukost laurdag 15. juni. Bak f.v. Evy Innselset (Innsel), Sissel Andenes (Sissel Blomster & Interiør), Hallbjørn Staurset (Staurset). Framme: Syver Nupen (Sport1), programansvarleg Olav Opsvik, og leiar i kunstlaget, Anne Ellingsen.  Foto: Janne-Marit Myklebust

Nyheiter

Det er butikkane i Vikegata, Ørsta næringskontor, Amfi Ørsta og Volda og Ørsta kunstlag som arrangerer frukosten i fellesskap, og dei har fått med seg representantar frå ballettskulen til å stå for serveringa.

– Er det lov å seie at eg meiner at dette er blant det viktigaste vi har på programmet?

Programansvarleg i Ivar Aasen-tunet, Olav Opsvik, er stolt over det Dei nynorske festspela har fått til dei siste åra. Og som ørsting er det å skape liv og røre i Vikegata noko av det han heng høgt på lista over kva han gler seg til.

– Dette skaper engasjement, og det er mange som møter opp. Det er klart eg gler meg. Det vert folkefest i sentrum.

Også i år vert det både korps, kor og kunstgate i samband med festsplefrukosten.

I tillegg vert det arrangement i sentrum både på kunsthuset og på Fru Svendsen i etterkant av frukosten.

– Her skal folk både kjenne og forstå at det er festspel i bygda.

På Fru Svendsen vert det bokkafé for dei yngste etter frukosten, med forfattar Vegard Markhus som les frå «Det runde problemet». På kunsthuset vert det foredrag ved Øystein Ustvedt, kurator ved Nasjonalmuseet, i høve opninga av nytt Olav Strømme-galleri.

– Dette er ein vinn-vinn for alle som er med. Summen av alt som skjer vil trekke mykje folk til sentrum, og det gler vi oss til, seier leiar i kunstlaget, Anne Ellingsen.