– Du må ikkje kjøpe søppel, sjølv ikkje på 17. mai

Gunnar Knutsen beklagar at han kom med feil opplysningar om heliumballongar, men beklagar og at det ikkje er eit forbod mot det i Ørsta.

Heliumballongar: Gunnar Knutsen oppmodar ørstingane om å ikkje kjøpe heliumballongar på nasjonaldagen. Det er ikkje eit forbod mot sal av heliumballongar i Ørsta.  Foto: Joachim Åsebø

Nyheiter

– Eg beklagar at eg gjekk i Møre-Nytt med ei opplysingar om at det var forbod mot sal av heliumballongar i Ørsta. Dette har i ettertid vist seg å vere feil. Det også beklagar eg, sa Knutsen i kommunestyret torsdag.