Økonomi og sjukefråvær til bekymring:

– Det har etablert seg ein kultur som ikkje hadde overlevd i ei privat verksemd

Økonomien vart igjen eit tema for kommunestyret torsdag. Politikarane er samde om at det skjer mykje positivt i kommunen, men både økonomi og sjukefråvær bekymrar fleire.

Økonomi og sjukefråvær: Per Are Sørheim (H) meiner at sjukefråværet i Ørsta kommune er altfor høgt, og at at den økonomiske utvikla ikkje er berekraftig. Samtidig gav han og mange andre politikarar ros til kommunen og administrasjonen for godt arbeid i 2018. 

Nyheiter

– Årsrekneskapen for 2018 viser den faktiske situasjonen. Den viser at kostnadsauken er på rett veg, nedover. Bekymringa er at inntektsauken gjer det også. Det betyr at prioriteringane framover vil bli tøffe, og det vil krevje godt samarbeid mellom politikk og administrasjon. Vi vil mykje i Ørsta, får til mykje, men vi klarer ikkje alt, sa rådmann Wenche Solheim frå talarstolen då årsrekneskapen og årsmeldinga for kommunen vart handsama. Ho stadfesta og at det er sett i verk tiltak etter at nokre seksjonar har overstige sine økonomiske rammer.