Unik støtte langs Vartdalsstranda

Har gitt over tolv millionar i gåve

Laurdag var ein festdag på Vartdal med offisiell opning av VD Stadion. Utan samarbeid med kommunen og nærings-livet hadde prosjektet vore umogleg å få til.

Festdag: Laurdag var det offisiell opning av VD Stadion. Private aktørar har bidrege med 5,520 millionar kroner i prosjektet. Foto: Stine Akeren Bjørdal 

Nyheiter

– Nøkkelen for å til utbygginga på Vartdal har vore godt samspel. Det var eit godt prosjekt til ein fornuftig kostnad. Då kommunestyret sa ja i desember 2017 var brikka som gjorde at vi kunne køyre på. Vi har og hatt ei fantastisk støtte frå næringslivet på Vartdal, i tillegg til Sparebank 1 Søre Sunnmøre og Sparebanken Møre. Det har vore ei fantastisk reise, seier leiar Jon Helge Bjørndal i idrettslaget.