Vekas kulturminne

Bygde sjølve, og betalte med "trygd for veg"

Vegen mellom Trandal og Nes har grøn midtstripe.

vakker veg: Vegen mellom Nes og Trandal vart bygd av bygdefolket og delvis finansiert med «trygd for veg». I dag er den lite brukt av bilar, men ein spennande turmål i eit område med rikt fugleliv og planteliv.  Foto: Svein Aam

Vekas kulturminne
  • Møre-Nytt presenterer kvar veke eit av kulturminna i Ørsta.
  • Utgangspunktet er Kulturminneplanen til Ørsta kommune
Nyheiter

Den minste grenda i Ørsta er korkje Trandal eller Skår. Skår har trass alt to innbyggjarar, dobbelt så mange som Nes. Dei to gardane på Nes ligg om lag to kilometer frå Trandal. Vegen dit må kallast ei vekkgøymd perle. Spesielt no om våren er det ei flott naturoppleving å gå der. «Vegen vart bygt med handmakt, og han har klare estetiske verdiar i tillegg til dei reint kulturhistoriske. Vegen var ein farleg skuleveg for borna. Dei måtte gå over fonner, og om våren gjekk elva flaumstor», står det i Kulturminneplanen.

Nes: Dei to gardane på Nes ligg vel to kilometer frå dei andre gardane på Trandal.  Foto: Svein Aam

 

Ragnar Standal skriv i Hjørundfjordsoga at folket på Trandal ville bygge veg til Leknes. Dei byrja å gi «trygd for veg» i 1925, altså den tids førehandsbompengar. Vegbygginga byrja i 30-åra og tok 20 år, men til Leknes kom dei aldri. Dei andre vegane på Trandal har blitt utbetra noko, men vegen til Nes ber preg av alderen, med grøn midtstripe.