Ber om vedtaksstopp om Dalevegen 24

Arne Otto Myklebust stiller spørsmål om kvifor han ikkje har fått direkte informasjon om Dalevegen 24.

Rehabilitering og påbygg: Saka om Dalevegen 24 skal opp i kommunestyret torsdag. Arne Otto Myklebust ber om det ikkje blir gjort vedtak i saka.  Foto: Joachim Åsebø

Nyheiter

Myklebust har lest om vedtaket som formannskapet gjorde kring rehabilitering og påbygg i Dalevegen 24 i media.

– Det undrar meg som næraste nabo, at kommunen fullstendig overser å informere direkte kva påbygging som er tenkt, både i utforming og høgde. Ein skulle mest tru at dette var rimeleg framferd når det er planar om påbygging som nemnt, skriv Myklebust til Ørsta kommune.

Myklebust hevdar i brevet at han ikkje har blitt informert av kommunen ved tre tidlegare høve.

– No har eg opplevd tre gonger tidlegare at kommunen har byggemeldt og oppført bygningar utan det er sendt nabovarsel til underteikna som er næraste nabo. I tillegg har kommunen bygd tilbygg for ambulansemottak inntil mi tomt utan å varsle underteikna.

I brevet, som er adressert til ordførar, rådmann og kommunestyre, ber Myklebust om at det ikkje blir gjort ytterlegare vedtak kring Dalevegen 24.

– Eg forventar at Ørsta kommune ikkje gjer ytterlegare vedtak i denne sak, og minner om Grannelova dette omfattar.