Sentrumutviklinga imponerte fylkespolitikarane

– Aldri tenkt at eg skulle på byvandring i Ørsta

Fylkespolitikarane i Regional- og næringsutvalet var imponerte over planane som Ørsta kommune har for den vidare utviklinga i sentrum.

Sentrum: Kommunen tok med seg Regional- og næringsutvalet på synfaring i Ørsta sentrum tysdag. 

Nyheiter

– For ti år sidan hadde eg aldri tenkt at eg skulle på byvandring i Ørsta. Det har vore veldig spennande å sjå utviklinga som har vore og planane for det som skal skje. For oss som ikkje er herifrå er Ørsta vanlegvis ein plass vi køyrer gjennom, men det er klart at staden har mange kvalitetar som det har vore spennande å høyre om, sa leiar Runar Vestheim etter å ha fått ei grundig omvising i Ørsta sentrum.