Vidare til landsmønstringa i UKM

Birgithe Kristine Runde (16) frå Ørsta og Even Finnøy (17) frå Volda er vidare til landsmønstringa i UKM.

Ung Kunstnar: Birgithe Kristine Runde har måla systera Mildrid, og er vidare til landsfinalen i UKM.  Foto: Janne-Marit Myklebust

Nyheiter

Ung Kultur Møtast (UKM) Ørsta/Volda gjekk av stabelen i Ørsta i mars. No har det vore fylkesfinale, og ein ørsting og ein volding er vidare til landsfinalen i Stjørdal i juni.


Sjå bildeserie frå alle innslaga

- UKM er glede, fellesskap, kreativitet, adrenalin og nervøsitet

15 sceneinnslag og fire kunstutstillarar på årets Ung Kultur Møtast på Ørsta kulturhus.

 

Even Finnøy (17) frå Volda er vidare til landsmønstringa i UKM.  Foto: Janne-Marit Myklebust

 

Even Finnøy er vidare med fotografiet «Struktur i natur» og Birgithe Kristine Runde med akvarellen «Mildrid».

I alt har 1.753 ungdommar mellom 13 og 20 år deltatt på UKM lokalt sidan januar. 323 av desse deltok på fylkesfestivalen i mai, og ein handfull er plukka ut for å representere heimfylket under landsmønstringa.