Høgskulen i Volda

Uro rundt arbeidsmiljøet på Avdeling for mediefag

Ei arbeidsmiljøundersøking viser at tilsette er misnøgde med leiinga på Avdeling for mediefag ved Høgskulen i Volda.

Rektor Johann Roppen ved Høgskulen i Volda.  Foto: Arkivfoto

Nyheiter

Dei tilsette på avdelinga er meir misnøgde med leiinga enn ved andre avdelingar, det er fleire personalkonfliktar, og dei tilsette synest at jobben påverkar helsa meir negativt enn det andre tilsette ved høgskulen gjer. Dette er konklusjonar i ei arbeidsmiljøundersøking som vart gjort i vinter, skriv universitetsavisa Khrono.

khrono.no

Arbeidsmiljøundersøkinga var oppe i siste styremøte ved Høgskulen.

– I følge styrepapira er arbeidsmiljøet så anstrengt at det har vore vanskeleg å gjennomføre gruppearbeid som dei tilsette skal gjere som ein del av arbeidsmiljøundersøkinga, skriv Khrono.

Resultatet frå arbeidsmiljøundersøkinga i vinter har ført til at det er sett i gang ei ny og utvida arbeidsmiljøundersøking. Dette grepet skal ha skapt meir strid internt.

Den første undersøkinga viser forholdsvis låg skåre når det gjeld vurdering av leiinga, både på avdelingsnivå, og spesielt ved eit av institutta.

– Tala tyder på at det er fleire personalkonfliktar innad i avdelinga og instituttet, enn på resten av høgskulen og i akademia for øvrig, samt at dei tilsette opplever tidspress og konflikt mellom jobb og privatliv, skriv Khrono.

Audhild Gregoriusdotter Rotevatn er dekan ved Avdeling for mediefag. Då Khrono kontakta henne vart dei vist vidare til rektor for kommentarar. Rektor Johann Roppen viser til at Avdeling for mediefag har vore gjennom store endringar dei fire siste åra.

– Til saman utgjer alle endringane dei største endringane sidan starten av avdelinga, og alle desse endringane er ønska av dei tilsette, skriv Roppen i ein e-post.

Han viser også til at avdelinga står oppe i eit stort og krevjande byggeprosjekt, med nytt mediehus.

I det siste styremøtet skal det har blitt stilt fleire spørsmål til arbeidsmiljøundersøkinga, og det vart etterlyst meir konkret informasjon. Styret skal handsame saka på nytt på neste styremøte, når det ligg føre resultat frå oppfølgingsundersøkinga.