Trafikkulykke i Barstadvik

Mann i 70-åra til sjukehus.
Nyheiter

Ein bil hamna på taket i vegbana på E39 ved Barstadvik, melde politiet på Twitter onsdag føremiddag.

Ulykka skal ha skjedd mellom Festøya og Barstadvik.

Vegen var stengt i begge retningar ein periode etter ulykka.

Det var ein person i bilen. Ein mann i 70-åra er frakta til sjukehuset i Ålesund for sjekk etter ulykka.

Politiet har teke beslag i førarkortet, og opprettar sak på hendinga.

Vegen er opna att.