Bygdepride 2019

Kunstnartanta vart inspirert av Anbjørn

– Heilt fantastisk, seier Anbjørn Steinholm Frislid om kunstutstillinga "Kjærleik er kjærleik", som opna i Ørsta onsdag ettermiddag.

Åse Huse, Anbjørn Steinholm Frislid og Kristin Rødven Eide på kunstutstillinga "Kjærleik er kjærleik" i høve Bygdepride 2019  Foto: Svein Aam

Nyheiter

Opninga av kunstutstillinga er første arrangement under Bygdepride 2019, som dermed er i gang i Ørsta-Volda. Bak bileta på utstillinga "Kjærleik er kjærleik" står biletkunstnar Åse Huse og fotograf Kristin Rødven Eide. Førstnemnde er tanta til Bygdepride-pioneren Anbjørn Steinholm Frislid.