Hovdenakk Hjort utviklar seg vidare

Har slakta sine 12 første hjortar i Hovdenakken

– Det har vore ein lang og lærerik prosess mot målet vårt, og ikkje minst har det vore kjekt!

DEi første produkta: Stolte og glade over at det harde arbeidet dei siste åra har lønt seg. Jan Eldar Hovdenakk og Per Andreas Hovdenakk med dei første produkta sine, klare til sal til både private og bedrifter.  Foto: Janne-Marit Myklebust

Nyheiter

I påska fekk Hovdenakk Hjort i Hovdenakken godkjent hjorteslakteri og viltmottak frå Mattilsynet. No er dei 12 første hjortane slakta, etter fire års drift på Møre og Romsdal sin einaste hjortefarm.