Klage til Pressens Faglege Utval

Avklaring mellom rådmannen og Møre-Nytt

  Foto: Arkivfoto

Nyheiter

Rådmann i Ørsta, Wenche Solheim, meiner Møre-Nytt braut god presseskikk då avisa publiserte eit intervju med kritikk mot kommunen utan å hente inn kommentar frå rådmannen, og klaga Møre-Nytt inn for Pressens Faglege Utval (PFU). Møre-Nytt på si side avviser at avisa har brote dei presseetiske reglane i Ver Varsom-plakaten.

PFU har opna sak mot Møre-Nytt. Som ein del av denne prosessen har Møre-Nytt og Wenche Solheim hatt samtalar med tanke på ei minneleg ordning.

Partane er framleis usamde om det ligg føre brot på Ver Varsom-plakaten eller ikkje, men er likevel samde om at PFU-saka bør avsluttast. Redaktør i Møre-Nytt, Svein Aam, seier at avisa har lytta til kritikken frå rådmannen, og at dei vil stramme inn praksis for innhenting av tilsvar i saker med høgt konfliktnivå.