Har Noregs beste kundesenter

Tussa sitt kundesenter er kåra til best i test innanfor kategorien energi.

Vinnarlag Denne gjengen på Tussa kundesenter kan kalle seg Noregsmeistrar  Foto: Tussa

Nyheiter

Førsteprisen vart delt ut under Call Center-dagane 25. april. Det er ikkje fyrste gongen Tussa stikk av med den gjeve prisen, skriv Tussa i ei pressemelding. Også i 2017 gjekk Tussa til topps i kåringa av beste kundesenter i energibransjen.

- Konkurransen om å bli best er knallhard. At vi plasserer oss på toppen av lista blant alle dei store kraftleverandørane i Noreg, viser at vi lukkast i satsinga vår på kundeservice, og det inspirerer oss til å bli enda betre. Det er svært viktig for oss å ha fornøgde kundar. Det å ta godt vare på kundane våre, innfri kundane sine forventningar og dekke behova deira, er noko vi jobbar med kvar einaste dag, seier Per-Are Sørheim, adm. direktør i Tussa-24.

Call Center-dagane er Nord-Europas største konferanse innanfor kundeservice. Kundeserviceprisen kårar årets beste på kundeservice i 18 ulike kategoriar. I år var heile 143 selskap med i vurderinga innanfor dei ulike kategoriane.