Bed om hastemøte for Osbrua

– Osbrua er smal og representerer ein flaskehals på E39.

Osbrua: Også ordførar Stein Aam har engasjert seg for Osbrua, og har kravd at brua vert utvida snarast råd. Arkiv  Foto: Rune Sæbønes

Restlevetida for brua er rekna til å vere 21 år

Nyheiter

– Tilbakemeldingar kommunen har fått frå aktørar i transportnæringa, understrekar at brua vert opplevd som ein flaskehals og eit utsett punkt.

Det skriv Ørsta kommune til Statens vegvesen. Dei viser til at fristen for å kome med inspel til Nasjonal Transportplan 2019 er 10. mai, og bed om eit møte med Statens vegvesen for å drøfte problemstillingane knytt til Osbrua.

– To store køyretøy kan møtast, men etter det vi forstår kan dette m.a. føre til kraftig oppbremsing, mindre skadar på speglar, og berøring av autovern. Ofte stansar store køyrety på brua for å sleppe møtande køyrety over. Dette gjer at det oppstår oppstuing av trafikk.

I 2017 fekk kommunen ei skriftleg uromelding om trafikksituasjonen knytt til Osbrua, frå Yrkestrafikkforbundet.

– Dei bed om at det vert skilta for smalare veg så snart som råd, og at utbetring eller ny bru vert prioritert. Vi bed om at vegvesenet vurderer behov for skilting av smalare veg over brua, skriv kommunen ved rådmann Wenche Solheim og ass.rådmann Eldar Øye til vegvesenet.

Køyrebana over Osbrua er, etter kommunen sine utrekningar, 1,5 meter smalare enn det som vil vere fastsett i ny reguleringsplan for Ørsta sentrum. I teiknigsgrunnlaget er brua oppgitt til om lag 6,20 meter mellom rekkverksstøttene for køyrebanene.

– Med frådrag for rekkverksskinner, tilseier dette om lag 6,05 m mellom rekkverksskinnene. Reknar vi 0,5 m skuldrar på kvar side, vert effektiv køyrebanebreidde 5,0 m eller like i overkant av dette.

Kommunen viser også til at utrekningar gjer det klart at det ikkje vil vere mogleg å belaste brubjelkane meir ved å utvide brudekket eller sette på nytt rekkverk. Restlevetida for brua er rekna til å vere 21 år.

– Kommunen bed no om eit møte der vi ønskjer å drøfte status og framtidig strategi for brua, og bed om at dette skjer så raskt som råd over påske, slik at kommunen rekk å levere innspel til Nasjonal Transportplan innan fristen.

I tillegg til Osbrua, nemner dei også utfordringar med framkomst på E39 ved flyplasskrysset, i Ørsta sentrum og delstrekningar på Vartdalsstranda.