Vart saksøkt for brot på god forretningsskikk

Vik Ørsta frifunnen i retten

Søre Sunnmøre tingrett meiner at Vik Ørsta ikkje har etterlikna Nystrøm Design sine produkt. I retten vann selskapet fram på alle punkt.

Advokat Martha Næss Borge representerer Vik Ørsta saman med Thomas Gaarder-Olsen.  Foto: Joachim Åsebø

Nyheiter

Nystrøm Design meiner at Vik Ørsta har etterlikna deira design på soklar og pynteringar for lyktestolpar. Historikken i saka går tilbake til 1997 då industridesignar Arne Nystrøm var i kontakta med Vik Ørsta om sine produkt. Saka vart først handsama av Næringslivets konkurranseutval. Dei konkluderte med at produktet var ei etterlikning, men at det ikkje var fare for at profesjonelle innkjøparar vil ta feil. Utvalet meinte likevel at Vik Ørsta hadde brote god forretningsskikk. Dermed vart saka teken vidare til rettssystemet. Over ein dag var partane samla i Søre Sunnmøre tingrett.