Har busett 115 flyktningar i Ørsta

– Dei som kjem til Noreg no er sårbare familiar

Dei fem siste åra har det kome 120 flyktningar til Ørsta. Med lite fråflytting har 115 blitt buande.

Orientering: Fagleiar Bård Flekke ved Flyktningkontoret orienterte Levekårsutvalet onsdag.  Foto: Joachim Åsebø

Nyheiter

– For 2019 har kommunestyret gjort vedtak om å busetje 15 flyktningar, i tillegg vil familiesameiningar kome i tillegg.

Det sa fagleiar Bård Flekke då han orienterte om arbeidet til Flyktningkontoret i Ørsta for Levekårsutvalet. I 2016 og 2017 hadde Ørsta ein mottakstopp med 35 og 34 flyktningar. I 2018 kom det ti flyktningar, og i år vert det fem fleire enn i fjor.

– Vi tek imot ni no til sommaren og seks til hausten. Dette er overføringsflyktningar. Dei som kjem til Noreg no er sårbare familiar. Det er meir helseproblematikk no samanlikna med tidlegare. Difor er det like mykje arbeid med å busette femten flyktningar i dag som det var å busette tretti i 2016, sa Flekke.

Av flyktningane som kjem til Ørsta har det kome klart flest frå Syria dei fem siste åra. I tillegg er Eritrea, Afghanistan, Ethiopia og Somalia høgt oppe på lista.

– Den viktigaste integreringa er at folk får seg ein jobb. Det kan vere spesielt utfordrande for dei som har lite skulegang frå før av.