Vil ha lukka møte om Sundgot-saka

Politikarane vil vite kva som skjer.

Inge Kolås  Foto: Janne-Marit Myklebust

Nyheiter

Leiar i samfunnsutvalet, Inge Kolås, ber om at rådmannen gjev ei orientering om Sundgot-saka både overfor samfunnsutvalet og kommunestyret. Det må skje i lukka møte.

– På bakgrunn av avisartiklar og «rykte» ber eg som folkevald om at samfunnsutvalet og kommunestyre får ei grundig orientering frå rådmannen, skriv Inge Kolås.