Bokåret 2019

«Eit bokeventyr starta i 1961 med første bokklubben i Noreg»

Nyheiter

I 2019 feirar vi boka. Det er no 500 år sidan den første norske boka vart prenta. Vi les meir bøker enn nokon andre, – vi er dei beste les- arane i verda. Bokåret er ei nasjonal feiring av boka, lesing og lesarane, – heile året over heile landet. Mange tiltak prøver å gjere sitt til at alle les meir. Leseopplevingar kan delast med andre. Det er viktig at det er tilgjenge til bøker fleire stader.

Biblioteka har fått statleg tilskot til å hjelpe fram meir leseglede gjennom lokale tilskipingar.

Kulturdepartementet vedtok å satse på lesing gjennom biblioteka, – ei større bok- satsing enn på mange år. Målet er 500 arrangement i 500 bibliotek. Her skal det vere aktivitet på biblioteket, i barnehagane, i skulane, på eldre- institusjonar og som seminar og festivalar. Fantasien er til vanleg utan grenser. Å lese høgt for andre gir opplevingar som du elles ikkje får med deg.

Norsk litteratur skal bli meir synleg, både eldre og nyare døme. Det kjem kampanjar, informasjonsmateriell, lesestunder, filmar, utstillingar og andre tiltak for auka leselyst, – ikkje alt på ein gong, men delt utover i året.

Bokåret 2019 vert også eit leseår. Dei som les, og dei som burde lese, og dei som har lyst til å lese – dei skal merke at boka vert feira rundt om i heile Noreg. Forteljingar kan skru av det som er verkeleg og ta oss med til ei ukjend verd med magiske og gilde hendingar og personar. Lesarane kan få nye perspektiv og ny innsikt i samtida. Dette er ei feiring for folket, – ikkje eit stort og flott arrangement.

«Sommarles» er ein nasjonal kampanje for alle born i 1.-7. klasse som folkebiblioteka kan vere med på, – også i år. Her vert det sett nye mål om fleire lesarar enn i fjor. Her kan alle delta og få gode leseopp- levingar.

Eit bokeventyr starta i 1961 med første bokklubben i Noreg, Den norske Bok- klubben. Femten år seinare kom samtidslitteraturen sin eigen klubb; Bokklubben Nye Bøker. Fleire bokklubbar følgde, som til dømes Bok- klubben Krim og Spenning og Bokklubbens Barn. Målet har vore at flest mogleg skal få høve til å lese verdfull litteratur. Det er mange som har fått bøker frå bokklubben i posten.

Antikvariata har ei viktig oppgåve i samtida. Bøker som ikkje lenger kan kjøpast, eller bøker som kan gi oss eigne lesegleder og nyttig kunnskap, kan finnast antikvarisk. Dette pirrar også samlargleda. Mange forfattarar har skrive mange bøker som framleis finst. Det som er skrive og prenta kan ha eit langt liv. Å kjøpe opp gamle og brukte bøker for å selje dei til nye lesarar er ei form for kulturell gjenvinning eller resirkulering. Meininga er at bøker skal kunne lesast fleire gonger.

For nokre månader sidan slo ein ny trend seg opp: Bøker i bokhyller skal stå ut-inn for å unngå fargerik overflate. Trenden gjekk fort over. Eit tilbod på Facebook nyleg kunngjorde «1,5 meter bøker gis bort». Nei takk! Ein lækjar på utebesøk brukte å stille «diagnose» på heimen vurdert i høve til om der var bokhyller i stova. Den romerske kulturpersonen Cicero, i hundreåret før Kristus, sa det slik: «Den som eig ein hage og ei boksamling manglar ikkje noko».

Boklesarar og boksamlarar finst også på postkort. Å lese er ein aktivitet som fortel noko meir. Kven les kva og kvifor? Postkorta skildrar dette også, – slik som desse døma frå eiga samling.