Bustadhus totalskadd i brann i Ørsta

Kraftig brann laurdag morgon.
Nyheiter

Klokka 06.00 laurdag morgon vart det meldt om brann i ein einebustad i Ørsta sentrum.

Fem personar som oppheldt seg i bustaden har kome seg velberga ut. To av dei er sendt til Volda sjukehus for sjekk.

Like før klokka ni brann det framleis i huset.

  Foto: Janne-Marit Myklebust

- Det brenn i eit rom i kjellaren, og det er vanskeleg å få vatn dit, fortel innsatsleiar Guttorm Øye til Møre-Nytt like før klokka 09.00.

Det var framleis synlege flammar frå huset, tre timar etter at brannen vart meldt.

- Huset er i så dårleg stand etter brannen at vi ikkje ønskjer å sende inn røykdykkarane, seier Øye.

Brannmennene stod difor og sløkte frå utsida av huset.

Brannen skal ha starta i kjellaren.

  Foto: Janne-Marit Myklebust

Naboar fortel at det kom tjukk svart røyk og flammar frå kjellaretasjen i huset i byrjinga.

- Vi har vore heldige med vêret. Det meste av både flammar og røyk har stige rett opp, fortel Øye.

Innsatsleiar Guttorm Øye i samtale med politiet.  Foto: Janne-Marit Myklebust

Der er fleire bustadhus i nabolaget, men det har ikkje vore fare for at brannen skulle spreie seg til desse, mykje takka vere dei gunstige vindforholda.

- No handlar det om å drive ettersløkkjing, og så er vi fantastisk glade for at alle kom seg velberga ut av huset, seier Øye.

Situasjonen litt før klokka 0800  Foto: Bendik Mork Folkestad

 

Politiet skriv dette på Twitter: "0600 meldt om brann i einebustad. Naudetatane på staden. Fire personar som oppheldt seg i bustaden, har kome seg ut. To personar til Volda sjukehus for sjekk."

Og om lag klokka 0700 " Fem personar, som oppheldt seg i bustaden, har kome seg ut."