Snikk Snakk med Skjalg

«En fatal feilhørsel på telefonen»

Toler du ei VG-historie til? Denne ligg rett nok mange år attende. Til gjengjeld er ho sjølvopplevd. Året er 1972, og staden er ein militærleir i Nord-Noreg.

Kronikkforfattar: Skjalg Longva.  Foto: Svein aam

Nyheiter

Det vil seie, det starta med ein hyggjeleg kveld og ei natt på byen. Berre hornmusikken mangla. Permisjonen gjekk ut ved midnatt, så ut på morgonkvisten var det å klatre over piggtrådgjerdet og gå rett til dagens teneste: Spreidd orden. Altså krigsleik i terrenget.