Mista kontroll på brann - bøtelagt i retten

I mars i fjor kom ein brann av ugras ut av kontroll på Vartdal. No er ein mann bøtelagt for hendinga.

Bot: Ein mann i 30-åra må betale 12.000 kroner i bot etter at ein brann kom ut av kontroll på Vartdal. 

Nyheiter

Mannen måtte møte i Søre Sunnmøre tingrett då han ikkje godtok førelegget han hadde fått. Ifølgje rettspapira skulle brenne noko rusk på Vartdal. Det vart laga til eit bål ute på ei open mark, og det var rundt tjuefem meter til næraste hus. Mannen fekk tennvæske og tende på bålet.