Krev fengsel i åtte månader for barnemishandling

Ein mann i 30-åra har vore på tiltalebenken for mishandling av sonen sin denne veka. Aktor har lagt ned påstand om åtte månader i fengsel.

Barnemishandling: Bistandsadvokat Cathrin Lid Heilund og politiadvokat Maria Vike Nørve i Søre Sunnmøre tingrett tidlegare denne veka.  Foto: Joachim Åsebø

Nyheiter

Det var sett av tre dagar til rettssaka i Søre Sunnmøre tingrett denne veka. Mannen i slutten av 30-åra var tiltalt for å ha slått sonen fleire stadar på kroppen over ein periode på vel eitt år. Ifølgje tiltalen vart sonen slått både med flat hand og ulike gjenstandar som belte, sko og ein avklipt hageslange.