Her blir det ope i påska

Arbeidet i Rotsethorntunnelen tek påskeferie. Dermed blir det og stopp i kolonnekøyringa.

  Foto: Tarjei Engeset Ofstad, Sunnmørsposten

Nyheiter

Trafikantane på E39 mellom Løviknes og Volda kan køyre fritt gjennom Rotsethorntunnelen heile påska. Det melder Statens vegvesen.

Tunnelen vil vere open frå onsdag 17. april kl. 07.00. Kolonnekøyringa startar opp att tysdag 23. april kl. 19.00.

Utanom påskehøgtida er Rotsethorntunnelen stengd på kveld og natt mellom kl. 19 og 07 med kolonnekøyring til faste tidspunkt. Tunnelen er open for fri ferdsel kvar laurdag frå kl. 07 til søndag kl. 21.