Skipåska

Fint ver, vanskeleg føre

Det teiknar til å bli ei fineverspåske, men dei som vil høgt til fjells risikerer krevjande forhold.

På veg mot Kolåstind i draumeføre. Denne påska vert truleg forholda vanskelegare på "Tinden"   Foto: Svein Aam

Nyheiter

Kvitkledde fjellsider bada i sol og forholdsvis lite rasfare. Dermed skulle det ligge til rette for ei draumepåske. Men forholda i høgda er ikkje optimale.

– Det har vore kalde netter, og dermed er det hardt i fjellet. Då gjeld det å finne sider der sola slepp til, oftast sørsider, som ikkje er altfor bratte, seier Åsmund Heen i Ålesund og Sunnmøre turistforeining.

Han trur at det kan vere fort gjort å undervurdere vanskane som hard snø skaper.

– Vert det 25-30 grader bratt kan det vere vanskeleg å ta seg fram. Eg tilrår skarejarn, og skal du gå brattare bør du ha stegjern og isøks.

Den populære turen til Kolåstinden kan bli krevjande denne påska.

– Dei som har vore der i det siste melder om utrivelege forhold, mellom anna i Stretet. På breen er det lite snø. Det gjeld å passe seg for sprekkene Eg vil ikkje tilrå å køyre ned brefallet denne påska, seier Heen.

På Bondalseidet er det ikkje snø i hovudtraseen, men skisenteret held ope trekket i Nottane palmehelga.

– Så få vi sjå etter det, seier dagleg leiar Rune Moltudal.