Elevane imponerte ordføraren

– Elevane på Møre Folkehøgskule, som samla søppel i Ørsta sentrum sist laurdag, fortener store dosar med ros, meiner ordførar Stein Aam.

Søppel: Folkehøgskule-elevar plukka søppel i Ørsta sentrum. F.v Annbjørg Rui, Vetle Noer Steinset, Amalie Fogtmann Horpestad og Nicolai Lutken Terland.  Foto: Roy-Arne Folkestad

Nyheiter

Han viser til at heile skulen stilte opp for å plukke søppel langs strandlinja, frå sentrum og forbi Amfi til Vekslet og vidare utover. Dette vart gjort i samarbeid med Ørsta kommune som frakta sekkene vekk og stilte med sekker og hanskar.