Aukar utbytet frå Tussa

Resultat som året før, men aukar utbytet.

Tussa sitt kraftverk på Standal  Foto: Tussa

Nyheiter

Tussa hadde samla driftsinntekter på 1 048,2 mill. kr og eit driftsresultat på 132,5 mill. kr i 2018. Resultat før skatt vart 98,1 mill. kr, og etter skatt vart resultatet 56,2 mill. kr.

– Resultatet er på nivå med 2017, og viser god drift innanfor alle forretningsområda. Det har vore få driftsavbrot innan både energi og breiband, skriv Tussa i ei pressemelding.

Både driftsinntekter og -kostnader har auka frå 2017 til 2018 for konsernet. Hovudårsakene til dette er høgre kraftprisar og at kraftkjøpet for vidaresal til sluttbrukar vart lagt om frå konsernintern handel til konsernekstern handel frå september.

Nedgang i kraftproduksjonen

Tussa produserte 594 GWh elektrisk kraft i 2018. Til samanlikning vart det produsert 745 GWh i 2018. I 2018 var gjennomsnittleg spotpris i området vårt 42,3 øre/kWh mot 27,5 øre/kWh i 2017.

– Tussa kraftverk vart stoppa frå mars til august for planlagd vedlikehald og oppgradering. Det er forventa at produksjonen i kraftverket vil auke med rundt 15 GWh (5 %) på årsbasis, står det i pressemeldinga.

Forbetra resultat i nettverksemda

Tussa eig 46,34 % av Mørenett AS, og Tussa sin del av Mørenett hadde eit driftsresultat på 54,6 mill. kr (41,2) i 2018, medan resultatet før skatt vart 47,5 mill. kr (57,2). Driftsresultatet vart forbetra frå 2017 til 2018 med 13,4 mill. kr. Dette trass i at selskapet hadde eit avbrot i leveringa den 28. februar som er kostnadsført med 8,4 mill. kr.

IKT i vekst

Forretningsområdet hadde eit driftsresultat på 17,5 mill. kr i 2018 (12,1) medan resultatet før skatt vart på 8,6 mill. kr (4,1).

Eksterne kommunikasjonsprodukt hadde ein omsetningsvekst på 7,6 % i 2018 og eksterne IT-produkt hadde ein omsetningsvekst på 9,8 %. Det er potensiale for ytterlegare vekst både innanfor kommunikasjons- og IT-tenester, og det er forventa sterkare resultat framover.

Minus på innstallasjon

Forretningsområdet innstallasjon hadde eit driftsresultat på -1,7 mill. kr i 2018 (2,3), medan resultatet før skatt vart på -1,6 mill. kr (2,4).

– Det negative resultatet har samanheng med hard konkurranse i installasjonsmarknaden, spesielt på fastprisprosjekt mot næringsmarknaden. I tillegg har selskapet bokført tap på 0,8 mill. kr i samband med konkursar, skriv Tussa i pressemeldinga.

Men det går betre no

– Utover året har det likevel vore god ordreinngang og tilgang på arbeid. Marknaden er framleis prega av hard konkurranse, men det er høg aktivitet i selskapet og utsiktene for 2019 og 2020 er difor betre.

Auka utbyte

Utbytet som blir delt ut til eigarane skal vere forsvarleg i høve til det som er berekraftig for selskapet i eit langsiktig perspektiv. Styret har vedteke å avsetje 39,5 mill. kr til utbyte for 2018, i samsvar med aksjonæravtalen som gir signal om eit utbyte på 60 % av gjennomsnittet av dei tre siste årsresultata. I 2017 var utbytet 33,4 millionar. Ørsta kommune er største eigaren i Tussa.