Har rydda skog langs Norangdalselva

"Vi kan ikkje berre ha tilbod om toppturar"

– Dette vil kome både fastbuande og turistar til gode. Vi opnar opp bygda også for turar på flatmark. Det er ikkje alle som ynskjer seg til fjells.

Ope landskap: Einar Arve Nordang registrerer nøgd at landskapet har opna seg etter at 250 meter med krattskog har vorte fjerna langs Norangdalselva.  Foto: Rune Sæbønes

Elvestien er tenkt både med omsyn til friluftsliv, og med omsyn til laksefiskarane

Einar Arve Nordang
Nyheiter

Det seier Einar Arve Nordang, leiar i Norangdalselva grunneigarlag. Etter å ha tenkt på det nokre år, vart det alvor denne vinteren. Fleire hundre meter skog langs elverampa vart fjerna, og med eitt har Norangdal ein ny turveg.