Liten vekst for Hovden i mars

Ørsta–Volda lufthamn, Hovden, registrerte ein liten auke i passasjertrafikken i mars. Veksten var på ein prosent.

Auke: Mars månad gav ein liten auke i passasjertrafikken på Hovden. 

Nyheiter

Tala frå Avinor syner at det var 9.298 personar som reiste til og frå Hovden, medan 56 mellomlanda.

Berre Leknes lufthamn med i overkant av 12.000 passasjerar hadde større trafikk av kortbaneflyplassane. På Vestlandet hadde Sandane ein reduksjon, medan Sogndal, Førde og Florø hadde stor vekst.

Så langt i år har 25.534 passasjerar reist til og frå Hovden, inkludert mellomlandingar. Det er ein reduksjon på 3,5 prosent, viser tala frå Avinor.

Ålesund lufthamn, Vigra, har hatt ein vekst på 6,3 prosent så langt i år, inkludert utanlandsflygingar. I mars var det ein vekst på 8,8 prosent.