Kongeleg kontrakt for Marina Solutions

Marina Solutions har inngått kontrakt med Kongelig Norsk Seilforening (KNS) om total utskifting av deira marinaanlegg ved Dronningen på Bygdøy.

Signering: Frå venstre er Anders Kristensen (Generalsekretær KNS), Torgeir Iversen (Daglig leder MS), Einar Galtung Døsvig (Hamnesjef KNS), Tov Lerheim (salsansvarleg MS), Håkon Ingvaldsen (styremedlem KNS) og Jan-Erik Fremmerlid (Prosjektleiar MS). Pressefoto  Foto: Pressefoto

Nyheiter

Marina Solutions skal levere 1,6 km med unike Rennebrygger i betong, i tillegg til utriggarar og fortøyingsbommer som vil utgjere totalt 550 båtplassar. Prosjektet skal gjennomførast i to fasar og vere ferdigstilt innan våren 2021. Kontrakten har ein total verdi på 28 mill. + mva.

Kontrakten vart signert førre veke.

– Kontrakten med KNS er av stor strategisk betydning for Marina Solutions som har som mål å vere ein føretrekt og landsdekkande aktør av marinaanlegg. Det gleder oss stort å kunne få vise fram sikre og framtidsretta produkt i et ærverdig og aktivt miljø, heiter det i ei pressemelding.