Heile tingretten kjent inhabil

Høgsterett har slått fast at heile Søre Sunnmøre tingrett er inhabil i ei straffesak.

  Foto: Joachim Åsebø

Nyheiter

Ein mann vart i 2016 dømd i Søre Sunnmøre tingrett for vald mot sin eigen son. Sorenskrivar Elisabeth Wiik var dommar i saka. Seinare vart han tiltalt mot sin tidlegare ektefelle. Då vart spørsmålet om habilitet stilt. Det skriv Rett24.

Frostating lagmannsrett meinte at Søre Sunnmøre tingrett ikkje var inhabil på grunnlag av at Wiik tidlegare hadde handsama straffesak mot mannen. Habilitetsspørsmålet vart tatt vidare til Høgsterett. Dei har gjort om på avgjerda til lagmannsretten.

Sidan Wiik no er kjent inhabil i saka vert og dei to andre dommarane i tingretten inhabile. Straffesaka mot mannen vert difor flytta til ein annan tingrett.