Grand Prix Volda ungdomsskule

Dei yngste gjekk til topps

Sjå bileta frå årets fargerike og festlege høgdepunkt for ungdomsskuleelevar i Volda
Nyheiter

Kvar klasse stiller med eitt tema. Alle skal på scena, med eigenlaga tekst og eignekomponert koreografi. Det er utgangspunktet for Grand Prix ved Volda ungdomsskule. Det er eit stort løft for heile skulen, og eit høgdepunkt for elevane. I ein stappfull sal sit slekt og venner. I år var det dei yngste, det vil seie klasse 8C, som fekk flest av dommarane sine poeng. Deira tema var " Ut på tur", og det handla om å ta i bruk naturen, med innslag av fiske, fjellturar og camping.