Brukarane er nøgde med Ørstabarnehagen

– Er vanskeleg å finne dårlege tal

– Vi har gode tal å vise til i denne brukarundersøkinga. For oss er det å bli betre på innhaldet i barnehagen det viktigaste.

Brukarundersøking: Seksjonsleiar Reidun Mo for barnehage kunne presentere gode tal for Levekårsutvalet onsdag.  Foto: Joachim Åsebø

Det er vanskeleg å finne tal som er dårlege

Tove Halse Digernes
Nyheiter

Det sa seksjonsleiar Reidun Mo då tala frå brukarundersøkinga i Ørstabarnehagen vart presentert for Levekårsutvalet onsdag. I undersøkinga har foreldre i dei sju kommunale barnehagane og dei fire private barnehagane svart. Undersøkinga viser at barnehagane i Ørsta skårar høgt.