Sterke prestasjonar av Ørsta-alpinistane på Oppdal

Sterke prestasjonar av Ørsta-alpinistane på Oppdal

Under Hovudlandsrennet i alpint markerte dei lokale alpinistane seg. Mathea Stranden sin 7.-plass i storslalåm vart beste resultat, og alle dei lokale alpinistane hamna blant topp 30.

Hovudlandsrenn: Ørsta IL alpin utgjorde halve troppen til Møre og Romsdal skikrets under Hovudlandsrennet. F.v. Kristian Farstadvoll, Jonathan Heimen, Mathea Stranden, Oda Brenne, Ingvild Fauske Dalen og Bendik Åmbakk. Foto: privat  Foto: Privat

Nyheiter

Seks alpinistar frå Møre og Romsdal skikrets hadde kvalifisert seg til Hovudlandsrennet i alpint, og reiste til Oppdal for å ta del i arrangementet. Bendik Åmbakk, Oda Brenne og Mathea Stranden frå Ørsta alpin utgjorde halve troppen. I tillegg deltok Jonathan Heimen (Rauma alpin), Kristian Farstadvoll (Molde og Omegn IF) og Ingvild Fauske Dalen (Stranda IL).