938 meter med ny asfalt i Ørsta

Mange hadde nok håpa på meir asfalt i 2019.

Fresing av asfalt på Rv 655, Dalevegen.  Foto: Åsmund Brunstad Øyehaug

Nyheiter

938 meter asfalt. Det er alt Ørsta kommune får av ny asfalt på riks- og fylkesvegar i 2019. Det går fram av Statens vegvesen sin asfalteringsplan for sommarhalvåret.

Det er Dalevegen /fv. 655 som skal få ny asfalt, frå krysset med Anders Hovden-gata til krysset med E39 i rundkøyringa.

I Volda vert Rotsethorntunnelen asfaltert.