– Legg om 17. mai-ruta

Er det tid for ei ny 17. mai-rute i Ørsta sentrum?

Folketoget i Ørsta 17. mai 2018.   Foto: Svein Aam

Nyheiter

Ei kvinne på tråden til Møre-Nytt har eit ønske retta mot 17. mai-nemnda i Ørsta:

– Kan de endre ruta for 17. mai-toget, slik at også bebuarane på Bakk Ola-marka, på Vallamarka og i Dalevegen får sjå toget? Det er nemleg slett ikkje alle som er så mobile at dei kjem seg ut av hus på nasjonaldagen, seier kvinna.

Ho håper framlegget vert vurdert av 17. mai-nemnda.