Vert leiar for banken si næringsavdeling på Søre Sunnmøre

Hamre til Sparebanken Møre

Nyheiter

Sparebanken Møre har tilsett Hege Karete Hamre som ny leiar for Næringsliv på Søre Sunnmøre.

Hege Karete Hamre er fødd og oppvaksen i Volda, utdanna revisor og kjem frå stillinga som regiondirektør for Sparebank 1 Regnskapshuset. Ho har også lang erfaring frå leiinga i Furene AS, i tillegg til ei rekkje styreverv.

Vil vekse
– Vi har klare ambisjonar om å vekse generelt, og spesielt på Søre Sunnmøre. Vi har stor tru på at Hege vil leie dette arbeidet på aller beste måte. Ho har brei innsikt i næringslivet i regionen, eit stort kontaktnettverk og ikkje minst eit brennande engasjement, seier Terje Krøvel, leiar for divisjon Næringsliv i Sparebanken Møre.

Sparebanken Møre er den største banken på Nordvestlandet, med kontor i 24 av kommunane i fylket. Utlånsveksten er god i både person- og næringslivsmarknaden, og i fjor vaks banken med 8,4 prosent i næringslivsmarknaden. Selskap innan næringar som fiskeri, verft og eigedom utgjer ein stor del av porteføljen. 

Hamre skal leie ein erfaren næringslivsstab på 8 personar, som alle har solid bransje og kreditterfaring. 

Spennande næringsliv
– Eg ser fram til nye utfordringar i ein solid og veldriven bank – med mange dyktige medarbeidarar og det mest spennande næringslivet i landet som kundar. Som bank er Sparebanken Møre ein viktig aktør for næringslivet, men også ei sentral drivkraft for samfunnsutviklinga. Betydelege midlar går tilbake til lokalsamfunnet, og det er ein stor motivasjonsfaktor å kunne bidra til å gjere det betre å bu og drive næring på Møre, seier Hamre. 

Ho legg til at næringslivet i regionen er inne i ein ny, spennande og krevjande vekstfase. 

– Mange teiknar nye kontraktar, mange knoppskyt ut frå eksisterande forretning og ikkje minst ser vi mykje nyskaping. I alle livsfasar treng verksemdene ein god bank, seier Hege Karete Hamre.

Ho startar i stillinga 1. august, og tek over stafettpinnen etter Kjell Jan Brudevoll som trer av med pensjonist.