Dalane skule får femdagarsveke

Dalane skule skal ha femdagarsveke også for fyrste og andre klasse. Skuleleiinga avviser å gå tilbake til firedagarsveke.

Dalane skule: Foreldra til elevane i 1. og 2. klasse ved Dalane skule, er misnøgde med prøveordninga med femdagarsveke, melder FAU.  Foto: Janne-Marit Myklebust

Nyheiter

Det kjem fram i eit svarskriv frå seksjonsleiar for skule, Kirsti Øy Driveklepp, og Dalane-rektor Audhild Baarholm Øye til foreldreutvalet ved skulen.

FAU ved Dalane skule protesterte nyleg mot at forsøksordninga med femdagarsveke skulle førast vidare. Dei grunngav dette med at foreldra gjennom ei spørjegransking sa seg misnøgde med ordninga.

Men skuleleiinga har andre undersøkingar å vise til. I Foreldreundersøkinga som skuleseksjonen gjennomfører, kom det fram at foreldra til fjorårets fyrsteklassingar er mykje meir fornøgde som andreklassingar dette året, og at foreldra til årets fyrsteklassingar er mykje meir fornøgde enn fjorårets.

– Ut frå ei samla vurdering ser vi det difor som svært lite tenleg å gå attende til firedagars skuleveke. Vi har forståing for at ikkje alle føresette deler vårt syn, men vi vonar vi kan vere einige om at målet må vere ei kvalitativt best mogleg opplæring for borna på Dalane skule, heiter det i svaret.