90 dagar i fengsel for vald

Ein mann i 20-åra må sone 90 dagar i fengsel etter vald mot sin tidlegare sambuar.

Dom: Ein mann i 20-åra er dømd til fengsel i nitti dagar for vald mot sin tidlegare sambuar.  Foto: Joachim Åsebø

Nyheiter

Mannen var tiltalt for vald mot sin tidlegare sambuar ved tre høve. Retten fann det bevist at mannen heldt kvinna fast, dytta ho slik at falt og slo seg, pressa foten mot strupen hennar og dekka over munn og nase slik at ho fekk problem med å puste. Ved to av valdshøva fekk kvinna blåmerker fleire stadar på kroppen.