11 vil lage områdeplan for Legene

Det er kamp om å få planleggje nytt bustad- og skuleområde på Legene.

Legene vekstsenter  Foto: Pressefoto

Nyheiter

Det har meldt seg heile elleve firma som vil lage områdeplan for Legene. Det vart bestemt at planarbeidet skulle lysast ut, då kommunen ikkje hadde kapasitet til å lage planen sjølve.

Ørsta kommune har svart tilbydarane at det vil medføre eit relativt stort arbeid å gå gjennom alle tilboda. Det vert difor førespegla ei to vekers tid før det vert avgjort kven som får tilslaget.