Tiltalt for vald mot sonen – nektar straffeskuld

– Har slått med belte, sko og avklipt hageslange

Tysdag starta rettssaka mot ein far i 30-åra. Mannen er tiltalt for vald mot sonen sin, men i retten nekta han straffeskuld.

Bistandsadvokat Cathrin Lid Heilund og politiadvokat Maria Vike Nørve.  Foto: Joachim Åsebø

Nyheiter

Mannen er tiltalt for å ha slått sonen sin ved fleire høve i ein periode på i overkant av eitt år. Politiadvokat Maria Vike Nørve fortalde i sitt innleiingsforedrag at saka starta med ei bekymringsmelding i 2017. Meldinga kom frå barnevernet som igjen hadde fått ei bekymringsmelding. Fornærma i saka hadde fortalt eit vitne at han vart slått av faren sin. Dette skulle ha skjedd med belte, sko og avklipt hageslange. Guten forklarte at han hadde fått merker på kroppen og at fekk slag frå faren nesten dagleg. Før politiet fekk ta stilling til om saka skulle etterforskast kom det ei ny melding som gjorde at tiltalte vart pågripen og varetektsfengsla. Tysdag møtte faren i Søre Sunnmøre tingrett og sa seg ikkje skuldig etter tiltalen.