Sa ja til å leige i ny hall i Volda

Fylkestinget har samrøystes vedteke å leige areal i den nye hallen i Volda for 2,9 millionar kroner årleg.

Ny hall: Volda Campus Sparebank 1 Arena er fullfinansiert med det fylkeskommunale engasjementet. 

Nyheiter

Fylkeskommunen er ein stor leigetakar av Voldahallen i dag gjennom bruken til Volda vidaregåande skule.

Spørsmålet no har vore korleis fylkeskommunen skal halde seg til planane om ein ny hall i Volda.

Fylkesrådmannen har rådd til at fylkeskommunen leiger ei handballflate, og prisen for dette vert 29 millionar kroner i året.

Fylkestingsmedlem Arild Iversen (KrF) er glad for vedtaket.

– Dermed er det klart at idretten i Volda, Volda kommune og fylkeskommunen har klargjort denne store og nødvendige satsinga i Volda. Dermed er dei viktige avklaringane på plass. No ventar vi på snarleg byggestart, skriv Iversen på si Facebook-side.

– Volda campus arena er eit godt tiltak som stettar ikkje berre dei frivillige organisasjonane, men også tilbodet til studentane som søkjer seg til Høgskulen i Volda. Det er også god samfunnsøkonomi når dei kommunale nivåa finn saman i gode prosjekt der summen av investeringane blir mykje større enn om ein skulle gjere dei aleine, heiter det frå fylkesrådmannen.