Ikkje påvist skrantesjuke

Hjort: Det vart ikkje påvist hjort med skrantesjuke i Ørsta i 2018. Arkiv  Foto: Rune Sæbønes

Nyheiter

Jegerane i Ørsta fekk i 2018 pålegg om å ta ut hjerneprøver av alle felte hjort over to år, for undersøking av CWD – Chronic Wasting Disease, eller «skrantesjuke».

Landbrukskontoret organiserte opplæring og utdeling av utstyr.

Det vart ikkje funne positive prøver, melder landbrukskontoret i årsmeldinga si for 2018.