Grøne kuler på himmelen

I nokre sekund mellom klokka 00.22-00.23 den 6. april 2019, var det synleg to-tre grøne kuler rett over og mellom fjella i Follestaddalen.

  Foto: Geir T. Birkeland Øye

Nyheiter

Det opplyser Geir T. Birkeland Øye. Dei same lysa som skapte undring, og telefonstorm til politi og naudetatar i Nord-Noreg.

- Lysfenoment oppstod 900 km lenger nord for Ørsta, frå Andøya Space Center. NASA og Andøya romsenter skaut til vers eit par rakettar knytt til AZURE-prosjektet. Eit prosjekt knytt til nordlysforskning, der rakettane vert sendt opp til om lag 320 kilometers høgd og slepp ut diverse kjemikaler og gassar. Det er disse som skapte det vakre fargespelet vi har sett bilete av (frå Nord-Noreg) i diverse media. Fleire har uttrykt overraskelse i at det var mogleg å få eit glimt av fenomenet så langt sør i landet som Ørsta, ifølgje Øye.